Studentmållaget i Oslo

Her er du: Studentmållaget i Oslo > Bibelen > Det Gamle Testamentet > Preikaren

Preikaren

1. kapitlet

1 Ord av Preikaren, son åt David, konge i Jerusalem.

2 Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, fåfengt, fåfengt! Alt er fåfengt.

3 Kva vinning hev mannen av alt si møda som han møder seg med under soli?

4 Ætt gjeng, og ætt kjem, medan jordi æveleg stend.

5 Og soli renn, og soli glar, og ho skundar seg att til staden sin der som ho plar renna.

6 Vinden gjeng imot sud og snur seg mot nord, han snur seg og snur seg og kjem attende til kringlaupet sitt.

7 Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt, dit som elvarne fyrr hev runne, held dei alltid på å renna.

8 Allting strevar so ingen det ut kann segja, ikkje vert auga mett av å sjå, og ikkje vert øyra fyllt av å høyra.

9 Det som hev vore, er det som skal vera, og det som hev hendt, er det som skal henda; det finst inkje nytt under soli.

10 Skulde dei segja um noko: «Sjå, dette er nytt!» - so hev det longe vore til i fordums tider som var fyre oss.

11 Me hev inkje minne um deim som fyrr hev livt, og dei som sidan skal koma, vil ikkje heller liva i minnet hjå deim som etterpå kjem.

12 Eg, Preikaren, var konge yver Israel i Jerusalem.

13 Eg lagde hugen på å granska og å ransaka med visdom alt det som hender under himmelen. Det er ei leid plåga som Gud hev gjeve mannsborni å plågast med.

14 Eg såg på alt det som hender under soli, og so var det fåfengt alt i hop og jag etter vind.

15 Det bogne kann ikkje beinkast, og det vantande kann ikkje reknast.

16 Eg tenkte med meg sjølv: «Sjå no hev eg vunne meg større og rikare visdom enn alle dei som hev rådt yver Jerusalem fyre meg, og hjarta mitt hev set visdom og kunnskap i rikt mål.»

17 Eg lagde hugen på å skyna visdomen og skyna vitløysa og dårskap. Men eg skyna at det var jag etter vind det og.

18 For med mykje visdom du mykje gremmest, og aukar du kunnskap, so aukar du kvida.

2. kapitlet

1 Då sagde eg med meg sjølv: «Kom, so skal eg prøva deg med gleda; njot det som godt er!» Men so var det fåfengt det og.

2 Um låtten sagde eg: «Han er vitlaus!» Og um gleda: «Kva gagn gjer ho?»

3 Eg kom på den tanken, at eg skulde kveikja kroppen med vin, medan hjarta dreiv på med visdom, og halda meg til dårskapen, til dess eg fekk sjå kva som var best for mannsborni å gjera under himmelen dei dagarne livet varer.

4 Eg tok på med store verk: Eg bygde meg hus, planta meg vingardar,

5 gjorde meg hagar og parkar og sette alle slag frukttre i deim.

6 Eg gjorde meg vatsdammar til å vatna ein lund av tre som voks upp.

7 Eg kjøpte trælar og trælgjentor, hadde heimefødde trælar, ja ein buskap fekk eg meg og, kyr og sauer i mengd, meir enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem.

8 Eg samla meg ogso sylv og gull, og alt som kongar og land kann eiga, eg fekk meg songarar og songmøyar, og det som er til lyst for mannsborni: konor i mengd.

9 So vart eg reint ovstor, større enn alle dei som hadde vore fyre meg i Jerusalem, og attpå hadde eg visdomen min hjå meg.

10 Alt det augo ynskte, let eg deim få, eg heldt ikkje hjarta mitt burte frå nokor gleda; for hjarta hadde gleda av all mi møda, og det var min lut av all mi møda.

11 Men so gav eg meg til å sjå på alle mine verk som henderne mine hadde gjort, og den møda dei hadde kosta meg, då synte det seg at alt var fåfengd og jag etter vind. Nei, det finst ingi vinning under soli.

12 So gav eg meg til å sjå på visdom og vitløysa og dårskap; for kva vil den mannen gjera som kjem etter kongen? Det som folk fyrr hev gjort.

13 Då såg eg at visdomen hev same fyremunen framfor dårskapen som ljoset hev framfor myrkret.

14 Den vise hev augo i hausen, men dåren ferdast i myrkret. Men eg skyna og at same lagnaden råkar den eine som den andre.

15 Då sagde eg med meg sjølv: «Den lagnad som dåren fær, den fær eg og. Kva gagn hev eg då av det at eg hev vore so ovleg vis?» Eg sagde med meg sjølv: «Det er fåfengt dette og!»

16 For minnet um den vise varer ikkje meir æveleg enn minnet um dåren. I dei komande dagar vil alt vera gløymt for lenge sidan, og lyt ikkje den vise døy likso vel som dåren?

17 Då vart eg leid av livet, for det som hender under soli, tyktest meg vera vondt; alt er fåfengd og jag etter vind.

18 Og eg vart leid av all mi møda som eg hev mødt meg med under soli, av di eg skulde leiva det til den mannen som kjem etter meg.

19 Kven veit um det vert ein vis mann eller ein dåre? Og endå skal han råda yver alt det som eg hev vunne med møda og med visdom under soli! Det er fåfengt det og.

20 Då tok eg reint til å orvonast for all den møda eg hadde mødt meg med under soli.

21 For det hender at ein mann hev gjort sitt arbeid med visdom og kunnskap og dug, so lyt han gjeva det frå seg til eiga åt ein mann som ikkje hev havt møda med det. Det og er fåfengd og ei stor ulukka.

22 Ja, kva hev mannen att for all si møda og sine hugmål som han mødest med under soli?

23 For heile hans liv er ei pinsla, og hans stræv er leidelse, ja ikkje ein gong um natti fær hjarta hans kvila. Det er fåfengt det og.

24 Det er ikkje ei lukka som stend til mannen sjølv at han et og drikk og unner seg gode dagar midt i møda si. Eg såg at det og kjem frå Guds hand.

25 For kven kann eta og kven kann njota noko utan honom?

26 For den mannen som er honom til hugnad, gjev han visdom og kunnskap og gleda. Men den som syndar, gjev han strævet med å samla og draga i hop so den som er til hugnad for Gud kann få det. Det og er fåfengd og jag etter vind.

3. kapitlet

1 Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid:

2 Fødast hev si tid, og døy hev si tid; planta hev si tid, og riva upp det som er planta hev si tid;

3 drepa hev si tid, og lækja hev si tid; riva ned hev si tid, og byggja upp hev si tid;

4 gråta hev si tid, og læ hev si tid; syrgja hev si tid, og dansa hev si tid;

5 kasta stein hev si tid, og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid, og halda seg frå fangtak hev si tid;

6 leita hev si tid, og missa hev si tid; gøyma hev si tid, og kasta burt hev si tid;

7 riva sund hev si tid, og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid, og tala hev si tid;

8 elska hev si tid, og hata hev si tid; ufred hev si tid, og fred hev si tid.

9 Kva vinning fær då den som gjer noko av den møda han hev med det?

10 Eg såg på det strævet som Gud hev gjeve mannsborni å stræva med.

11 Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.

12 Då skyna eg at dei ikkje hev noko betre enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer.

13 Men det å eta og drikka og njota livet midt i all møda, det og ei Guds gåva for kvar mann.

14 Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg, ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå; og det hev Gud gjort so, av di me skal ottast honom.

15 Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til å henda, hev og vore til fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.

16 Framleides såg eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og på rettferd-staden, der var uretten.

17 Då sagde eg med meg sjølv: «Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjå han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.»

18 Eg sagde med meg sjølv: «Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prova deim, so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr.

19 For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.

20 Alle gjeng til ein stad, alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.

21 Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»

22 So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?

4. kapitlet

1 Framleides såg eg på alle dei valdsverk som vert gjorde under soli. Det rann frå deim som leid, og ingen trøysta deim; valdsmenner bruka magt mot deim, og ingen trøysta deim.

2 Då laut eg segja at dei avlidne, dei som alt hadde fenge døy, dei var sælare enn dei livande som endå er i live.

3 Men sælare enn båe tvo er den som ikkje hev vorte til endå, og som hev sloppe å sjå det vonde verk som folk gjer under soli.

4 Og eg såg at alt stræv og all dugleik i arbeidet ikkje er anna enn ovund som driv den eine fyre den andre. Det og er fåfengd og jag etter vind.

5 Dåren legg henderne i kross og et sitt eige kjøt.

6 Betre ein neve med ro enn båe henderne fulle av møda og jag etter vind.

7 Og endå noko såg eg som er fåfengt under soli:

8 Det hender at ein mann stend åleine og hev ingen annan med seg, korkje son eller bror; og like vel er det ingen ende på alt strævet hans, og augo hans vert ikkje mette av rikdom. Men kven strævar eg for og neittar meg sjølv det som godt er? Det er fåfengt, og ei leid møda er det.

9 Tvo er betre farne enn ein, for dei hev god løn for strævet sitt.

10 Um dei dett, kann den eine reisa upp felagen sin; men usæl er einstødingen som dett og ikkje hev nokon til å reisa seg upp!

11 Likeins når tvo ligg i hop, so vert dei varme, men korleis skal ein verta varm åleine?

12 Og um nokon kann vinna yver den som er åleine, so kann tvo standa seg imot honom, og tritvinna tråd slit ein ikkje av so snart.

13 Betre er ein fatig og vis ungdom enn ein gamall og fåvitug konge som ikkje lenger veit å lata seg segja.

14 For ein slik ungdom steig or fangehuset upp til kongedøme, endå han var fødd i fatigdom i den andre sitt rike.

15 Eg såg alle livande som ferdast under soli fylgja med ungdomen, han den andre som skulde koma i staden for hin.

16 Det var ingen ende på alt folket, alle dei som han var førar for. Like vel er dei ikkje glade i honom, dei som sidan kom. Nei, det og er fåfengd og jag etter vind.

17 Agta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein held seg nær og høyrer enn at dårar ber fram slagtoffer; for dei gjer vondt av di dei ikkje veit.

5. kapitlet

1 Ver ikkje bråfus med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med å bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du på jordi, lat difor ordi dine vera få!

2 For draumar kjem av mykje mas, og dåresvall av mange ord.

3 Lovar du Gud noko, so dryg ikkje med å halda det, for han likar ikkje dårar. Haldt det du lovar!

4 Det er betre at du inkje lovar enn at du lovar og ikkje held det.

5 Lat ikkje munnen føra skuld yver kroppen, og seg ikkje til sendebodet: «Eg forrende meg!» Kvifor skal Gud harmast på det du segjer og tyna det som henderne dine gjer.

6 For med mange draumar fylgjer mykje fåfengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud.

7 Um du ser at fatigmannen ligg under trykk, og at dei ranar rett og rettferd i landet, so undrast ikkje på den ting! For den eine høgsette lurer på den andre, og dei hev høgsette yver seg.

8 Det er i alle høve ein fyremun for eit land: Ein konge som fremjar jordbruk.

9 Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær ingi vinning. Det er fåfengd det og.

10 Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?

11 Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.

12 Det finst noko syrgjeleg leidt som eg hev set under soli: Rikdom som eigaren hev spart upp til si eigi ulukka.

13 Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so eig han ingen ting.

14 Slik som han kom ut or morslivet, skal han ganga burt att, so naken som han kom, og for strævet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg.

15 Det og er syrgjeleg leidt: Just slik som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strævar burt i vind og vær?

16 Attpå tærer han sitt heile sitt liv i myrker, og stor harm lyt han dragast med, og so hans sjukdom og sinne!

17 Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: At ein et og drikk og nyt det som godt er i all den møda som han mødest med under soli alle dei livedagar som Gud gjev honom; for det er hans lut.

18 Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og attpå gjer honom før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i møda si, so er det ei gåva frå Gud.

19 For då tenkjer han ikkje so mykje på livedagarne sine, av di Gud gjev honom nok å gjera med hjartegleda hans.

6. kapitlet

1 Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og tung ligg ho på menneskja:

2 Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let honom vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.

3 Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.

4 For til fåfengs kom det, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,

5 og soli hev det korkje set eller kjent - det hev meir ro enn han.

6 Og um han so livde tusund år tvo gonger, men ikkje fekk njota noko godt - fer ikkje alt til ein stad?

7 All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd.

8 For kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å vandra for augo på dei livande?

9 Betre augnesyn enn ein urolig hugen. Det er fåfengd og jag etter vind.

10 Det som hender, er alt fyrr nemnt med namn, og det er kjent kva ein mann skal verta, og ikkje kann han saksøkja den som er sterkare enn han.

11 For det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi, kva gagn hev mannen av det?

12 For kven veit kva som er godt for mannen i livet, i alle hans fåfengde livedagar som han fer igjenom som ein skugge? Og kven segjer med mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?

7. kapitlet

1 Betre godt namn enn god salve, og betre døyande-dagen enn fødedagen.

2 Betre til syrgjehus ganga enn til gjestebodshus, so visst som det er enden for alle menneskje, og den som liver, skal leggja seg det på hjarta.

3 Betre gremmelse enn lått, for når andlitet ser ille ut, stend vel til med hjarta.

4 Hjarta åt vismenner er i syrgjehus, men hjarta åt dårar er i gledehus.

5 Betre høyra skjenn av ein vismann enn når nokon høyrer song av dårar.

6 For som tyrnerris sprakar under gryta, soleis er det når dåren lær. - Det og er fåfengd.

7 For urett vinning gjer vismann til dåre, og mutor skjemmer ut hjarta.

8 Betre enden på ei sak enn upphavet, betre tolmodig enn ovmodig.

9 Ver ikkje for brå i hugen til å gremmast, for gremmelse bur i barmen på dårar.

10 Seg ikkje: «Korleis hev det seg at dei framfarne dagar var betre enn dei som no er?» For ikkje utav visdom spør du um det.

11 Visdom er jamgod med ervegods, og ei vinning for deim som ser soli.

12 For ein sit i skuggen av visdomen som i skuggen av pengar, men fyremunen med kunnskap er at visdomen held eigaren sin i live.

13 Sjå på Guds verk! For kven kann beinka det som han hev gjort krokut?

14 På ein god dag skal du vera i godlag, og på ein vond dag skal du tenkja på at Gud hev gjort den og likso vel som hin, av di at menneskja ikkje skal finna noko ulivt etter si avferd.

15 Alt hev eg set i dei fåfengde dagerne mine: Det hender at ein rettferdig gjeng til grunns tråss i si rettferd, og at ein gudlaus liver lenge tråss i sin vondskap.

16 Ver ikkje altfor rettferdig, og te deg ikkje for vis! Kvifor vil du tyna deg sjølv?

17 Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre? Kvifor vil du døy fyre tidi?

18 Det er godt at du held fast på det eine og ikkje heller slepper handi av det andre, for den som ottast Gud, han greider seg or alt dette.

19 Visdomen gjev vismannen ei sterkare vern enn ti magthavarar i ein by.

20 For det finst ikkje eit rettferdigt menneskje på jordi som berre gjer godt og aldri syndar.

21 Agta ikkje heller på alt det som folk segjer, elles kunde du få høyra din eigen træl banna deg.

22 For du veit med deg sjølv, at du og mange gonger hev banna andre.

23 Alt dette hev eg røynt ut med visdom. Eg tenkte: «Visdom vil eg vinna!» men han heldt seg langt burte frå meg.

24 Langt burte er det som til er, og so djupt, so djupt; kven kann nå det?

25 Eg gav meg til, og hugen gjekk ut på å kjenna og granska og søkja visdom og ettertanke og få vita at gudløysa er dårskap og narreskapen vitløysa.

26 Då fann eg at kvinna er beiskare enn dauden, for ho er eit net, og hjarta hennar eit garn, og henderne hennar lekkjor. Den som tekkjest Gud, slepp ifrå henne, men syndaren vert hennar fange.

27 Sjå det fann eg, segjer preikaren, då eg lagde det eine i hop med det andre og vilde koma til ei endelykt:

28 Det som eg stødt hev leita etter, men ikkje funne, det er: Ein mann millom tusund hev eg funne, men ei kvinna hev eg ikkje funne millom alle deim.

29 Berre dette hev eg funne ut, skal du vita, at Gud hev skapt menneskja rett, men dei søkjer mange krokar.

8. kapitlet

1 Kven er som vismannen, og kven veit å tyda ein ting? Mannsens visdom gjer hans andlit ljost, og det harde i hans åsyn vert umskift.

2 Eg segjer: Agta på bod ifrå kongen, og det for den eid skuld som du hev svore ved Gud!

3 Gakk ikkje for snart burt frå honom, og ver ikkje med på noko vondt! For han gjer alt det han vil.

4 For konungs ord er megtigt, og kven torer segja med honom: «Kva gjer du?»

5 Den som held bodet, skal ikkje få kjenna noko vondt, og vismanns hjarta skal få kjenna tid og dom.

6 For kvart tiltak hev si tid og sin dom; for mannsens vondskap ligg tungt på honom.

7 For han veit ikkje kva som skal henda, og kven kann segja honom korleis det vil verta?

8 Ingen mann hev magt yver vind og ver, so han kann stengja for vinden, og ingen hev heller magt yver døyande-dagen, og ikkje fær ein heimlov i ufred, og ikkje kann gudløysa berga sin mann.

9 Alt dette hev eg set, med di eg gav gaum etter alt det som gjeng fyre seg under soli på ei tid då det eine menneskjet rådder yver det andre til ulukka for det.

10 Dinæst hev eg set gudlause koma i grav og ganga inn til kvila, men dei som hadde gjort rett, laut fara burt frå den heilage staden og vart gløymde i byen. Det er fåfengd det og.

11 Av den grunn at vondskaps verk ikkje straks fær sin dom yver seg, vert hjarta på mannsborni fullt av mod til å gjera vondt,

12 sidan syndaren hundrad gonger kann gjera det som vondt er, og like vel liva lenge - endå eg veit at det vil ganga deim vel som ottast Gud, av di dei ottast for hans åsyn.

13 Men ikkje vil det ganga den gudlause vel, og liksom skuggen skal han ikkje liva lenge, av di han ingen otte hev for Gud.

14 Det er noko fåfengt som hender på jordi, at det finst rettferdige som fær sin lagnad etter gudlause folks gjerning, og det finst gudlause som fær sin lagnad etter rettferdige folks gjerning. Eg sagde at det var fåfengd det og.

15 Då prisa eg gleda, for mannen hev ikkje noko anna godt under soli enn å eta og drikka og vera glad, og det fylgjer honom i hans møda i dei livedagarne som Gud hev gjeve honom under soli.

16 Når eg lagde hugen på å få kjenna visdom og å sjå det strævet som dei stræver med på jordi - for korkje dag eller natt fær dei blund på augo -

17 då såg eg at det er so med alt Guds verk, at menneskja ikkje kann grunda ut det som hender under soli. For alt det menneskja strævar med å granska det ut, fær ho ikkje tak i det, ja, um ein vismann tenkjer at han skal skyna det, so kann han ikkje grunda det ut.

9. kapitlet

1 For alt dette lagde meg på hjarta, og alt dette prøvde eg å granska ut: at dei rettferdige og dei vise og deira verk er i Guds hand. Um kjærleik eller hat veit ingen mann i fyrevegen; alt kann dei venta seg.

2 Alt kann hendast alle. Den same lagnaden råkar den rettferdige og den gudlause, den gode og reine og den ureine, den som ofrar og den som ikkje ofrar, det gjeng på same vis med den gode som med syndaren, med den som sver som med den som er rædd å sverja.

3 Det er det som er det leide med alt som hender under soli, at alle fær same lagnaden, so vert og hjarta åt mannsborni fullt av det som vondt er, og dei ber vitløysa i hjarta sitt so lenge dei liver, og sidan lyt dei av til dei daude.

4 For den som fær vera i lag med alle dei livande, han hev von. For ein livande hund er betre enn ei daud løva.

5 For dei livande veit at dei skal døy, men dei daude veit ingen ting og fær ikkje lenger nokor løn, for minnet um deim gløymest.

6 Både deira kjærleik og hat og ovmod er det slutt med for lenge sidan, og aldri meir fær dei hava noko med det som hender under soli.

7 So et då ditt brød med gleda, og drikk med godt mod din vin! For Gud hev longe godkjent di gjerning.

8 Lat klædi dine stødt vera kvite, og ei vanta olje på hovudet ditt!

9 Njot livet med ei kona som du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som han hev gjeve deg under soli, alle dine fåfengde dagar! For det er din lut i livet og i møda di som du mødest med under soli.

10 Alt det di hand vinn gjera med di kraft, det skal du gjera, for det finst ikkje arbeid eller utrekning eller kunnskap eller visdom i helheimen som du gjeng til.

11 Framleides såg eg under soli at ikkje dei snøgge råder yver skeidet, og ikkje kjemporne yver i striden, og ikkje heller dei vise yver brød, ikkje heller dei vituge yver rikdom, ikkje heller dei kunnige yver manntekkje; for tid og lagnad møter deim alle.

12 For menneskja kjenner likso lite si tid som fiskarne som vert fanga i ulukke-garnet, eller fuglarne som vert fanga i snara. Lik eins vert og mannsborni snara i ustundi, når ho brått kjem yver deim.

13 Det og hev eg set var visdom under soli, og stor tykte eg han var:

14 Det var ein liten by, og få folk hadde han. So kom det ein stor konge mot honom og kringsette honom og bygde store vollar mot honom.

15 Og det fanst der i byen ein fatig vismann, og han berga byen med visdomen sin; men ikkje eit menneskje kom i hug denne fatige mannen.

16 Då tenkte eg: «Vel er visdom betre enn styrke, men folk vanvyrder fatigmanns visdom, og dei høyrer ikkje på ordi hans.»

17 Vismanna-ord som ein høyrer i ro, er betre enn hovdings skrik millom dårar.

18 Visdom er betre enn våpn, men ein syndar kann tyna mykje godt.

10. kapitlet

1 Eiterflugor set illtev og æsing i salven åt salvemakeren; ein grand dårskap veg meir enn visdom, meir enn æra.

2 Vismanns-hug til retta gjeng, og dåre-hug til keiva.

3 Og kvar helst dåren gjeng, tryt vitet hans, og han segjer frå til kvar og ein at han er ein dåre.

4 Um hovdings vreide reiser seg mot deg, so gakk ikkje frå din post! For roleg åtferd hindrar mange synder.

5 Det er ei ulukka som eg hev set under soli liksom eit mistak som kjem frå ein magthavar:

6 Dårskapen er sett i høge sessar, og rikfolk lyt sitja lågt.

7 Eg hev set trælar på hesteryggen og hovdingar ganga på sin fot som trælar.

8 Den som grev ei grav, kann stupa nedi, og den som riv ein mur, kann ormen stinga.

9 Den som bryt stein, kann få mein; den som høgg ved, kann koma ut i fåre.

10 Når øksi ikkje bit og han ei slipar eggi, då lyt han bruka dess meir magt. Men visdomen veit å vøla til.

11 Når ormen sting fyrr ein fær mana, hev manaren ingen fyremun.

12 Ord av vismanns munn er gudlege, men lipporne på dåren gløyper honom sjølv.

13 Dei fyrste ordi i hans munn er dårskap, og røda endar reint i arge vitløysa.

14 Dåren brukar mange ord, endå ingen mann veit kva som henda skal, og kva som etter hans tid henda skal, kven kann segja honom det?

15 Dåren møder seg med maset sitt, han som ikkje ein gong veit å gå til byen.

16 Usælt er du land som hev eit barn til konge, og fyrstar som held etarlag um morgonen!

17 Sælt er du land som hev ein adelboren konge, og fyrstar som held sine mål i rette tid på kara-vis og ei med fyll!

18 Når leta rår, sig bjelkarne ned, og huset lek når henderne heng. -

19 Til gaman held dei gilde, og vin gjev livet gleda, og pengar greider alt.

20 Ikkje ein gong i tankarne må du banna ein konge, og ikkje i ditt sengrom banna ein rikmann. For himmelens fuglar ber ljoden burt, og dei fløygde melder din tala.

11. kapitlet

1 Send brødet ditt burt yver vatnet; for lenge etterpå finn du det att.

2 Skift ut til sju, ja til åtte, for du veit ikkje kva ilt som kann koma yver jordi.

3 Når skyerne av regn vert fulle, so tømer dei det ut på jordi, og um eit tre dett imot sud ell’ nord - der treet dett, der vert det liggjande.

4 Den som agtar på vinden, kjem ei til å så, og den som på skyerne ser, kjem ikkje til å hausta.

5 Liksom du ikkje veit kva veg vinden fer, eller korleis beini vert til i hennar liv som er med barn, soleis kjenner du ikkje heller Gud gjerning, han som gjer alt.

6 Så ditt sæde um morgonen, og ei kvile handi i kveldingi! For du veit ikkje kva som vil lukkast av dette og hitt, eller um båe måtar er godt.

7 Ljuvlegt er ljoset, og augo hev godt av soli å sjå.

8 Ja, um ein mann liver mange år, so skal han gleda seg i deim alle, men minnast dei myrke dagar og vert mange. Alt som koma skal, er fåfengt.

9 Gled deg, du ungdom, med du er ung, ver godt i laget i ungdoms-åri, og far dei vegar som hugen vil, og fylg det som lokkar augo. Men det skal du vita at for alt dette vil Gud draga deg til doms.

10 Få gremmelse ut or hugen din, haldt liding burte frå likamen din! for ungdom og morgonrode er fåfengd.

12. kapitlet

1 Og tenk på din skapar i ungdomsdagarne, fyrr dei vonde dagarne kjem, og det lid til dei åri då du lyt segja: «Eg likar deim ikkje;»

2 fyrr soli myrkjest, og ljoset og månen og stjernorne, og skyer kjem att etter regnet;

3 den tid då hus-vaktmennerne skjelv, og dei kraftige mennerne krøkjest, og håndkvern-gjentorne skoftar for dei er so få, og dei som ser ut gjenom gluggarne dimmest,

4 og gatedørerne stengdest med kverne-duren spaknar; då ein ris upp med fyrste fuglekvitring, og alle songmøyar lågmælte vert;

5 då ein og er rædd for kvar ein bakke, og skræmslor ventar på vegen, og mandeltreet blømer, og grashoppen karar seg fram, og kapersberet dovnar; for menneskja fer til sitt æve-hus, og gråtarane gjeng ikring på gata; -

6 fyrr sylvsnori slitnar, og gullskåli brotnar, og krukka ved kjelda gjeng sund, og hjulet dett brotna i brunnen,

7 og moldi fer atter til jordi som fyrr ho var, og åndi gjeng atter til Gud som ho gav.

8 Fåfengt, fåfengt! segjer Preikaren, alt er fåfengt!

9 Umfram det at Preikaren var ein vismann, lærde han og folket kunnskap, og grunda og granska, han sette i hop mange ordtøke.

10 Preikaren freista å finna vænleiks-ord, ærleg uppskrivne, sanningsord.

11 Ord av vismenner er som broddar, og i samling er dei som islegne spikrar; dei er gåva frå ein og same hyrdingen.

12 Men elles, son min, lat deg vara åt. Det er ingen ende på all bokskrivingi, men mykje gransking armar ut kroppen.

13 Endelykti er dette, når du hev høyrt alt: Ottast Gud og haldt hans bodord! Det er målet for alle menneskje.

14 For kvar gjerning vil Gud føra fram for domen yver alt det som løynt er, anten det so er godt eller vondt.

Opphavsrett: Studentmållaget i Oslo © 1921 - 2024